Tid for ny teknologi i skolen

Denne artikkelen stod på trykk i Syn og segn nr 3. 2015. Den er dessverre ikke tilgjengelig på nett annet sted enn her.

 

Den norske skulen må ta i bruk ny teknologi for å skape meir motiverande og effektive læreprosessar. Kunnskapen finst, men finst det vilje til endring?

I ei vakker lita novelle med tittelen «The Fun They Had»[1] skriv science fiction-forfattaren Isac Asimov om Margie og Tommy på 11 og 13 år, og om reisa deira tilbake til det fortidige skulesystemet. I hendinga, som er lagd til 17. mai 2157, set Asimov – og det i ei tid då datamaskinene enno var på teiknestadiet – skule- og læringspraksisane i perspektiv ved å beskrive korleis framtidig teknologi, slik han såg det, ville endre læreprosessane i skulen.

I ei av hendingane er Margie og Tommy saman med bestefar sin, som fortel historier frå gamle dagar og skulesystemet den gongen. I gamal tid fanst inga datamaskin, seier bestefar, men derimot noko anna: blekk og papir: Alle historiene, forteljingane, mytane og hendingane som dei kjende til, var skrivne ned på papir, og som oftast mellom to grove permar – i ei bok. Bestefar kan òg fortelje at ungane den gongen gjekk på noko dei kalla skule – ein lærestad der born og ungdom oppheldt seg saman, der dei måtte lære det same, og der læraren var eit menneske.

Margie og Tommy undrar seg. Det heile verkar eigentleg uverkeleg. Kan eit menneske vite like mykje som maskinene deira, spør dei.

Ifølgje Asimov og forteljinga om framtidslandet er læraren i år 2157 heller ikkje noko menneske med kjøt og blod – men derimot ei svart og stygg datamaskin. Instruksjonane og kunnskapen kjem ikkje frå eit menneske ved eit kateter, nei, men frå ein skjerm, og leksene – dei blir leverte med maskinkode, noko ungane byrjar å lære alt i seksårsalderen.

I novella set Asimov på forunderleg vis skulen i samtida – det vil seie 1950-talsskulen – i eit historisk læringsperspektiv, der det sosiale framleis dominerer kvardagen. I 2157, derimot, står den mekaniske læraren på eit bord i eit rom heime hjå eleven. Framtidselevane lærer og tileignar seg kunnskap i kvart sitt tempo, tilrettelagt for kvar einskild, utan at forfattaren går særleg inn på korleis dette skjer i praksis.

«Margie was thinking how the kids must have loved it in the old days. She was thinking about the fun they had.» Fortida høyrest eksotisk ut, tykkjer Margie, den gongen då borna gjekk i eigne skulehus, den gongen dei måtte hjelpe kvarandre med å lese og skrive, den gongen skulen var ein sosial møteplass og elevane rusla saman heim når skuledagen var over.

Kanskje er ikkje alt som det bør vere i framtidslandet? Margie drøymer om gamle dagar.

 

Teknologi for læring

I novella er det særleg to perspektiv som trer fram: Det eine dreier seg om teknologien, og kva slags teknologi ein vil ta i bruk i framtida for å lære. Det andre er om skulen som organisasjon og organiseringa av han: Korleis etablere læring som sosial prosess i samspel med ny teknologi?

Noko av det som har vore med på å hindre gode og effektive læreprosessar gjennom tidene, har vore fråværet og mangelen på teknologi. Du tenkjer kanskje ikkje over fråværet av den slags i vår alminnelege kvardag, og som moderne menneske ser du kanskje heller ikkje på tavle, krit, bøker, blyant og papir som teknologiske produkt. Vi er heldige i vår del av verda, fordi vi har hatt tilgang til dei fleste teknologiske nyvinningane. Men kanskje er det på tide å friske opp att nyvinningane i skulekvardagen? Finst det ny teknologi som enno ikkje er teken i bruk? Finst det nye måtar å lære på?

Før tavlene blei oppfunne på byrjinga av 1800-talet, var det nesten umogleg å gje skriftleg instruksjon til fleire menneske på same tid. Og difor dominerte den munnlege formidlinga rundt peiselden, i kyrkjene og på forsamlingshusa, i tillegg til instruksjon og taus kunnskapsoverføring i dei såkalla «meister og svein»-relasjonane. Medan relasjonen mellom meister og svein dreia seg om direkte og personleg instruksjon, bygde skulen opp eigne hus med klasserom der undervisninga og kvalifiseringa til framtidig samfunnsdeltaking skulle gå føre seg på meir rasjonelle måtar: Skulen som institusjon og system vart sett i – ja, nettopp, system.

Hovudprinsippa for organisering av effektive læreprosessar vart etablert tidleg på 1800-talet og vidareutvikla inn på 1900-talet. Dette betydde i praksis at ein lærar med godkjent lærarutdanning fekk ansvaret for kva elevane skulle lære, og korleis. I 1860 kom lov om allmennskule – og fast skule vart vanleg. Det vart innført nasjonale eksamenar for å teste og kontrollere at ungane lærte det dei skulle, og som grunnlag for å sile ut dei med særleg gode eigenskapar og kvalifikasjonar for vidare utdanning. Gjennom meir enn 150 år vart det skapt ein kultur der læraren var den sentrale ressursen og aktøren i læreprosessane – godt støtta av tavla, kritet og lærebøkene.

I 1969 vart det innført 9-årig grunnskule. I 1994 vart det lovfesta rett til vidaregåande skule.

Det er forunderleg å sjå korleis Asimov tenkte seg framtida – ei framtid der alt ein skulle lese og lære, var å finne på ein skjerm, og korleis han tok opp tema som vi i dag kallar adaptiv læring, det vil seie at kvar elev får tildelt læringsressursar og oppgåver ut frå sin eigen ståstad og ikkje som del av ein felles sosial læringsprosess der alle må lære det same heile tida.

 

Intelligent adaptiv læring

Hausten 2015 lanserer forlaget Gyldendal Multi Smart Øving[2], eit adaptivt læreverk i matematikk for elevar i barneskulen. Kjernen med læreverket og metodikken er følgjande: Elevane går fyrst igjennom ei spesifikk kartlegging gjennom eit datasystem som dokumenterer kva dei einskilde elevane kan, og kva dei ikkje forstår. Seinare får elevane dei læringsressursane som skal til for å fylle dei «hola» som vantar. Slik kan alle jobbe med tema dei forstår, samstundes som dei blir utfordra på nye område.

Intelligent adaptiv læring er ein arbeidsmåte på full veg inn i den norske skulen, saman med ei rad andre teknologiar og digitale tenester – og dei utfordrar oss som skal lære og lære bort på nye og andre måtar enn tidlegare.

Læreprosessane består av korte instruksjonsfilmar om eit bestemt emne, alt nemnde kartleggingsprøver, øvingsoppgåver og testar. Digitale læringsressursar består òg av fleire typar ressursar og verktøy, som til dømes Dragonbox, eit dataspel der brukarane, det vil seie elevane, lærer matematikk utan at dei i røynda er medvitne om det, eller kva dei lærer. I tillegg finst digitale ressursar som til dømes «puggehjelp» – eit verktøy som hjelper elevane til å hugse nye ord, omgrep og fenomen eller språk – slikt vi måtte pugge i skulen i gamle dagar. Nokre av desse verktøya blir brukte i skulen i dag, men det høyrer diverre til det sjeldne: Ifølgje Senter for IKT i utdanninga brukar 85 prosent av elevane i 9. klasse datamaskin ein time annankvar dag, eller mindre, på skulen.[3]

Tenk etter kva du sjølv ville føretrekkje som instruksjon dersom du skulle sette saman eit møbel frå IKEA – ein tung og uleseleg brosjyre eller ein instruksjonsfilm som syner korleis du gjer det i praksis? Det er liten tvil om at ungar i dag vil føretrekkje dei digitale hjelpemidla, ein introduksjonsfilm, til dømes, og dei er flinke til å finne instruksjon og hjelp frå til dømes Youtube og andre nettstader når dei treng det. Desse hjelpemidla fungerer fordi elevane er motiverte for å lære: Dei ønskjer å bruke den tida som er nødvendig for å meistre ei bestemt og utfordrande oppgåve. Slik fungerer dessverre ikkje skulen og skulesystema i dag. Ifølgje professor Thomas Nordal arbeider norske elevar åleine med oppgåveløysing i snitt 60 % av undervisingstida.[4]

Adaptive læreprosessar brukar ofte korte filmar sette i eit heilskapleg system, som òg kan innehalde andre digitale læringsressursar som til dømes element av dataspel, tekstar, simuleringar – i det heile alt som kan gje grunnlag for læring.

 

Teknologi for nye læreprosessar

Dagens teknologi har viska ut skiljet mellom tekst og film, mellom lyd og spel og andre medieformat, fyrst og fremst fordi dei digitale løysingane, til dømes eit nettbrett eller ei datamaskin, er meir generelle teknologiar enn kva papir og film har vore. Nettbretta er både kommunikasjonsteknologi, medieteknologi, spelteknologi, foto-, musikk- og navigasjonsteknologi og mykje meir. Vi kan bruke dei til å gje andre typar innspel for læring enn kva ein kunne før i tida berre med bruk av papir og blyant. Kva vil konsekvensane av desse endringane bli? Vil auka variasjon i læremateriell og læreprosessar føre til betre læring? Og fører det til betre læring – for alle? Er den nyaste teknologien einaste svaret på framtidsskulen?

Ei rekke nye teknologiar og digitale tenester gjev oss nye moglegheiter. Her er døme på tre av dei:

Alle som har ein iPhone, kan alt i dag diktere meldingar. Trykk på den vesle mikrofonen på tastaturet og snakke i veg. Eg har sjølv testa tenesta ei rad gonger, og eg har òg late menneske med ulike dialektar prøve henne. Teksten som kjem opp på skjermbrettet, har som oftast vore korrekt skriven, jamvel om nokre av testpersonane var utlendingar med sterk aksent.

Vi har altså tilgjengeleg teknologi som kan gjere tale om til tekst. Skype har følgt opp og laga ei automatisk omsettingsteneste der vi kan snakke morsmålet vårt i den eine enden av telefonrøret og velje språket til mottakaren i den andre. I fyrste omgang fungerer tenesta best mellom engelsk og spansk, men intensjonen er at tenesta skal fungere for alle språk i verda. Omsettingsteknologien er eit døme på teknologi som i framtida vil gje oss tilgang til alt mogleg læremateriell og til ressurspersonar over heile verda fordi vi er del av det same digitale nettverket.

Den tredje teknologiske nyvinninga som vil påverke læreprosessane i framtida, er kunstig intelligens. Det høyrest kanskje snålt ut, men hugsar du IBMs superdatamaskin som slo verdsmeistrane i Geopardy?[5] Vedundermaskina forstår merkeleg nok naturleg språk og kan òg svare med språk. I 2014 blei maskina teken i bruk på eit callsenter for helsepersonell i Sør-Afrika,[6] der ho hjelper legar og helsepersonell når dei treng råd. Der legar tradisjonelt må basere avgjerdene sine på kunnskap dei sjølv har, kan supermaskina søke gjennom 200 millionar nettsider på under tre minutt og finne all mogleg kunnskap kopla til eit emne, og presentere dette på ein måte som er forståeleg for brukarane.

Vi har altså teknologi nok til å redesigne læreprosessane på heilt nye måtar. Spørsmålet er om vi klarer å få det til, korleis ein designar læreprosessane og innhaldet i kva elevane skal lære, og ikkje minst: Finst det vilje og økonomi til å ta dei nye verkemidla i bruk?

 

Kva skal ein lære?

Ja, kva skal ein lære? I Noreg er skulekvardagen i dag delt inn etter fag. Elevane har matematikk, norsk, språk og liknande som basisfag, og skulen har ein overordna visjon om å gjere elevane til gode samfunnsborgarar, eller til «gagns menneske», som det heitte tidlegare. Men fører dette til at dei får kunnskap nok til å meistre livet som sjølvstendige individ, som skal både leve og arbeide i ulike sosiale og kulturelle samanhengar når dei ein dag går ut av skulen?

Finland blir ofte trekt fram som eit land med eit vellykka skulesystem, ofte fordi elevane skårar høgt på PISA-undersøkingar.[7] Men i år legg finnane om heile skulesystemet drastisk, og organiserer læreprosessane etter mangesidige og fagovergripande kompetansar: Læreprosessane blir delte opp i sju mindre delkompetansar, som til dømes evne til å tenke og lære, kvardagskompetanse, digital kompetanse og kompetanse om arbeidsliv og entreprenørskap. Bakgrunnen for at finnane snur opp ned på skulen, er at den gamle måten å organisere skulekvardagen på er i ferd med å bli utdatert: Skulen i dag skaper låg motivasjon for læring, elevane forstår ikkje kvifor dei skal lære bestemte emne. Skulen fører oftare enn før til låg meistringskjensle – ikkje minst grunna mismatch mellom på den eine sida den tradisjonelle måten å undervise på, og skuleborna si eigenstyrte og lystbetonte læring på den andre.

Så, kva kan utviklinga av framtidsskulen i Finland føre til her heime? La oss gå tilbake til Margie og Tommy, tidsmaskina deira, men gå til året 2030 for å oppleve korleis forfattaren – ser for seg skulen i framtida.

I ein scene i ein film om framtidsskule skal Tommy, Margie og tre vener samarbeide om eit bestemt prosjekt. Temaet er korleis ein tok vare på maten i gamle dagar, i tida før kjøleskåpet. «Vi spør Watson – datamaskina», seier Tommy og vender seg til dei andre.

Ungane skottar på nettbrettet, og med det same dukkar det opp ei melding frå Watson på skjermen i form av eit svar og fleire vedlagde filmar – i tillegg til spørsmål om dei eigentleg ønskte eit kortare svar, om dei heller ville sjå introduksjonsfilmane eller lese om temaet sjølv. Ungane bestemmer seg for å sjå filmen, og sidan dei er fleire som skal sjå han i lag, vidaresender dei filmen til ein storskjerm i studierommet.

I filmen lærer dei at kjøtet før i tida vart anten salta, hengt til tørk, eller sylta, røykt eller grave ned i jorda eller myra for at det ikkje skulle rotne. Noko vart jamvel isa ned.

Læringsguiden held fram: Han fortel ungane at dei òg skal jobbe med prosjektet i ein time, og sidan presentere det dei har funne fram til, for ei gruppe. Ungane blir etter kvart samde om å sjå litt nærmare på nokre av dei gamaldagse oppbevaringsmåtane. Tommy dreg innleiingsfilmen til presentasjonssida, medan Margie og ei av dei andre jentene diskuterer korleis dei skal lage filmen, og ikkje minst korleis dei skal fortelje kva dei syntest om å ete saltsild og drikke surmjølk. Etter ei kort læringsøkt er elevane ferdige med oppgåva og klare til å vise det dei har funne. Til presentasjonen har læringsguiden fått fatt i både salt sild og surmjølk. Silda likte elevane ikkje, men mjølka smakte ikkje så verst.

Kva er dette uttrykk for, tenkjer du.

Historia over er eit godt døme på såkalla problembasert læring, noko som vil bli meir vanleg i framtidsskulen: Elevane tek tak i ei konkret problemstilling og utforskar henne i eit tverrfagleg perspektiv. Å oppbevare mat er ein kvardagskompetanse som dreier seg om teknologi, men òg om kjemi og fysikk. Gjennom å ta utgangspunkt i praksisproblem kan ein trekke inn dei tradisjonelle faga der det er naudsynt. Men kva er det som er nytt med desse læringsprosessane?

 

Sjølvorganisert læring

Det som er beskrive ovanfor, skjer kvar dag i store delar av verda, ofte i regi av Sugata Mitras Self-Organised Learning Environment (SOLE).[8] Mitra, som er professor i Educational Technology ved University of Newcastle i England, har gjennom meir enn 15 år forska på barn og korleis dei kan lære åleine utan lærar. Nøkkelen er enkel: Elevane må arbeide med spørsmål og problemstillingar som dei verkeleg er interesserte i.[9] Dessutan må dei ha tilgang til all mogleg informasjon, og dei må få arbeide sjølvstendig. Eit anna utgangspunkt og ein føresetnad for god læring er at elevane prioriterer arbeidet fram mot svara på oppgåvene, ikkje svara i seg sjølv, utviklar evner til å finne alternative og moglege svar, vurderer kva for svar dei skal velje, og ikkje minst gjev ei god framstilling av det dei har funne.

Mykje av poenget med framstillinga av oppgåvene er at elevane sjølve får anledning til å tenke meir inngåande over kva dei har funne, korleis dei kom fram til løysinga, i tillegg til å reflektere over korleis arbeidet gjekk føre seg, og kva dei eventuelt kan gjere betre neste gong.

La oss kome med fleire døme, og igjen vende tilbake til Asimov og Margie: Den siste tida har Margie byrja å interessere seg for eit spel der ho sjølv er sjef for ein dyrehage. Sidan ho også er direktør i dyrehagen, kan ho bestemme det meste sjølv, til dømes kor mange og kva slag dyr dei skal ha i hagen. Men sidan startkapitalen er liten, er det ikkje rom for alt ho ønskjer seg. Skulle ho gjennomføre alt, måtte ho få besøkande som betalte for seg, og for å greie det måtte ho òg drive marknadsføring. Etter fleire veker med speling har ho greidd å etablere ein dyrehage med 15 ulike dyr og med mange hundre besøkande kvar dag, men Margie ser på dei andre spelarane at det er mogleg å gjere det endå betre, så ho arbeider vidare med oppgåvene.

Gjennom spel kan Margie også lære matematikk, språk og andre fag. I dyrehagen må ho sette opp budsjett, utgifter og inntekter. Sjølv om det er dyra og dyrehagen ho er mest interessert i, lærer ho seg å gjennomføre økonomisk analyse for å planlegge utviklinga av dyrehagen.

Beskrivingane over er eit døme på ein lystdriven læringssituasjon som skaper motivasjon til å lære noko nytt – og også denne kunnskapen er nyttig og nødvendig. Kanskje kan slik praksisbasert læring nyttast meir i skulen alt i dag?

 

Korleis organisere læring?

Skuleklassene, slik vi kjenner dei i dag, vart ein gong til fordi det var ein enkel måte å bygge eit landsomfattande skulesystem med like standardar – eit system vi har vidareført fordi det har vore eit politisk ønske om ikkje å skape for store samfunnsforskjellar. Og nettopp difor har alle gått igjennom det same skuleløpet – sjølv om mange av elevane har eigenskapar og føresetnader for å klare skuleløpet raskare eller betre under andre modellar og system.

Men kva om vi forlèt dei gamle føresetnadene for den norske skulen, og seier til oss sjølve at målet ikkje lenger er å skape eit skulesystem med størst mogleg likskap, men i staden størst mogleg framgang for den einskilde? Kan hende vil ein slik skulemodell skape større forskjellar mellom ungane, men kan òg fange opp og vere med på å løfte dei svakaste elevane endå meir?

I dag har vi teknologi og metodikk til å utforme skulekvardagen på andre måtar enn tidlegare. La oss difor byrje fyrst som sist med å kvitte oss med ordet klasse. Det finst inga klasse i framtidsskulen, men derimot små og store grupper som jobbar saman om ulike tema. Ja, tenk om vi delte skuleåret inn i forskjellige tema, der kvar skule kunne velje kva tema dei sjølve ville arbeide med – når det passa dei.

Og kva med læraren? Dei viktigaste oppgåvene til lærarane i framtidsskulen blir kanskje å bidra til auka motivasjon, til å finne og legge til rette for dei viktige spørsmåla, og til å bistå sosialt – særleg hjelpe dei som av ulike grunnar ikkje finn seg til rette i skulekvardagen. Om alle kan jobbe med noko dei er interesserte i sjølve, blir det òg rom for elevane til å vise at dei meistrar noko godt.

 

Framover

Asimov såg for seg framtidsskulen på sin måte, men det er lite som tyder på at Asimov får rett når det gjeld måten å organisere læreprosessane og skulen på. Vi kjem truleg ikkje til å sitte berre med kvar vår maskin eller kvart vårt nettbrett. Fordi? Fordi det rett og slett ikkje appellerer til oss som sosiale skapningar. Det er ikkje morosamt i lengda for born og unge å arbeide berre på denne måten. Menneska ønskjer å søke fleire former for sosial kontakt, ikkje berre gjennom nettet.

Om ti til femten år vil omtrent alle læremiddel vere digitale. Vi nærmar oss ei tid der vi vil kommunisere med maskiner og kunstig intelligens i naturleg språk, og der vi vil gjere oss nytte av automatisk omsetting på vår eigen telefon. For teknologien finst, og mest truleg vil det ta mindre enn eit tiår før dei fleste av oss bruker han dagleg. Som eit lite sidespor og apropos tok det mindre enn femten år å få dei fleste av oss til å lære seg å bruke nettbank, bestille tog- og flyreisene på nettet, og handle varer og andre tenester digitalt. Menneska er tilpassingsdyktige.

I framtidsskulen kjem vi til å eksperimentere meir med andre måtar å designe læreprosessar på, både for den einskilde eleven, og for ungar i større sosiale samanhengar. Adaptiv læring er på god veg inn i skulen, og er eit område der det blir satsa milliardar av kroner kvart år, ikkje minst frå dei store amerikanske forlaga – som utviklar nye individsentrerte læreprosessar. Dette gjer dei fordi det skaper betre læringsutbytte enn kva tradisjonelle skulebaserte læreprosessar gjer.

Dei tradisjonelle læreprosessane bygger på eit kunnskapssyn der kunnskapen er noko ein kan overføre frå ein person – læraren – til ein annan – eleven. Eit slikt regime har i seg liten fleksibilitet, kombinert med ei rigorøs testing av elevane, noko som i seg sjølv bidreg til ei overdriven vektlegging av å nå dei aktuelle læringsmåla – meir enn av gleda ved å lære, som er drivkrafta i til dømes SOLE-pedagogikken.

Og difor er stor vektlegging av PISA og dei andre nasjonale prøvene feil strategi – ikkje fordi det dei måler er uviktig, men fordi samfunnet vil krevje kompetansar som vi ikkje kan måle i dei tradisjonelle PISA-testane eller dei nasjonale prøvene, kompetansar elevane i skulen i dag knapt lærer. Skal vi bygge ein skule for framtida, treng vi eit skulesystem med meir fleksibilitet – fleksibilitet til å endre læreprosessane og til å endre måten læring blir evaluert på. Kan hende er poengsummane frå eit dataspel ein like god indikator på kunnskap som karakterar frå ein tradisjonell eksamen?

Framtida vil gjere det mogleg å skape ulike slag læreprosessar som ulike elevar vil finne interessante, som gjev rom for individuelle tilpassingar avhengig av tidlegare kunnskap, motivasjon og situasjonsbestemte faktorar. I dette bildet endrar rolla til lærarane seg. Kanskje skal ikkje læraren lenger vere instruktør og forelesar, men i staden ein tydeleg læringsleiar? Ein med hovudansvaret for å motivere og inspirere, meir enn å instruere og kontrollere. Det dreier seg ikkje om teknologi som ny reiskap, men om teknologi som infrastruktur for sosial samhandling.

Om vi klarer å utnytte moglegheitene, kan det hende at Margie faktisk kjem til å sjå skulen i eit anna lys. Kanskje vil ho ein dag innsjå kor heldig ho er som får lære i sitt eige tempo, som får samarbeide med andre elevar om ulike oppgåver, og som får spele dataspel og andre rollespel på skulen. Då kan den framtidige skulen bli meir morosam og interessant enn skulen er i dag.

Ny teknologi gjer det mogleg å skape læreprosessar som er både meir motiverande for elevane, som skaper høgare læringsutbytte, og som gjer at ein lærer raskare både i individuelle og sosiale læreprosessar. Ville det ikkje vore smart om vi forsøkte å nytte desse moglegheitene betre?

 

 

[1] Novella kom fyrst ut i ei barneavis i 1951, men er seinare trykt opp i 1954-utgåva av The Magazine of Fantasy and Science Fiction, og i Earth Is Room Enough (1957), 50 Short Science Fiction Tales (1960) og The Best of Isaac Asimov (1973). Les novella her: visual-memory.co.uk/daniel/funtheyhad.html Lese 15.7.2015

[2] www.smartoving.no Lese 15.7.2015

[3] Rapporten kan du lese her: iktsenteret.no/ressurser/monitor-skole-2013

[4] Sjå www.fylkesmannen.no/Documents/Dokument%20FMHE/02%20Barnehage%20og%20oppl%C3%A6ring/episerver/Thomas%20Nordahl-%20Tilpasset%20oppl%C3%A6ring.pdf Lese 10.8.2015.

[5] www.techrepublic.com/article/ibm-watson-the-inside-story-of-how-the-jeopardy-winning-supercomputer-was-born-and-what-it-wants-to-do-next/ Lese 10.8.2015.

[6] www.ibm.com/news/za/en/2014/10/08/Z027713X96105D22.html Lese 15.7.2015

[7] PISA står for Programme for International Student Assessment og er ei internasjonal undersøking av skulesystema i ulike land, i regi av OECD.

[8] Nokre av døma på bruken av denne metodikken finn du her: tedsole.tumblr.com Lese 10.8.2015

[9] Døme på slike spørsmål finn du her: www.theschoolinthecloud.org/big_questions Lese 15.7.2015

 

Arne Krokan

professor emeritus, tidligere Institutt for industriell økonomi og teknologelse og Institutt for sosiologi og statsvitenskap NTNU. Forfatter, kurator, foredragsholder. Styremedlem Norsk teknisk vitenskapsakademi.

3 Comments

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.